Eit smart og fleksibelt byggesystem for hytter
LIVD sitt byggesystem er utvikla for å gjere det enklare og rimelegare å byggje hytte – med fleksible løysingar, effektiv materialbruk og omsyn til naturen.
Ved å bruke standardiserte dimensjonar og smarte konstruksjonsløysingar kan me redusere materialsvinn og effektivisere produksjonen. Det gir eit byggesystem som både er kostnadseffektivt og kan tilpassast ulike behov og tomteforhold.
LIVD sitt byggesystem er utvikla for å ta vare på mest mogleg av naturen rundt hytta.
Med fundamentering på trepålar kan hytta plasserast i terrenget utan omfattande planering og graving. Det gir mindre inngrep i landskapet og kan bidra til å redusere klimaavtrykket frå byggjeprosessen.
Løysinga blir tilpassa grunnforholda på den enkelte tomta. LIVD kan òg levere andre fundamenteringsløysingar der det er behov for det.
Mindre inngrep i naturen
Frå byggesett til ferdig hytte
LIVD tilbyr fleksible løysingar – frå byggesett til ferdig montert hytte. Du kan velje å stå for delar av arbeidet sjølv, eller få tømrararbeidet utført av oss.
Byggesystemet er utvikla for enkel og effektiv montering, og kan tilpassast både hytter med straum og off-grid-løysingar.
Ved ferdig montering er tømrararbeidet inkludert. Arbeid frå andre fag, som elektrikar, røyrleggjar og ventilasjon, kjem i tillegg.
Bygd for å vare – med eller utan straum
LIVD-hyttene er utvikla for å tole skiftande temperaturar og vêrforhold, også når dei står utan oppvarming over lengre tid.
Med trefiberisolasjon og smarte konstruksjonsløysingar får hyttene god evne til å handtere fukt og temperaturendringar. Materiala er valde med omsyn til både inneklima, levetid og miljø.
Trefiberisolasjonen er i hovudsak laga av fornybare råvarer og bidreg til god varmelagring. Hyttene blir òg leverte med underkledning som vernar mot vind og dyr under hytta.