Er du oppteken av naturen, staden og korleis hytta ser ut?

Då har me nok noko til felles. Det fine er, alt heng saman. Bli betre kjend med Gild. Kanskje me har laga akkurat den hytta du har drøymt om?

Akkurat no kan du få di heilt eiga hytte med tomt for 1,5 millionar kroner.

Stor nok.
Til det som betyr noko.

Kor mykje plass treng vi eigentleg for å ha det godt?

Med Gild har vi tenkt nøye gjennom kvar einaste kvadratmeter. Her er det plass til å lage mat, samlast rundt bordet, finne ro og trekkje seg tilbake.

Vi trur ikkje at meir plass nødvendigvis gir meir hytteliv. Når vi byggjer mindre, kan vi bruke ressursane klokare, gjere mindre inngrep i naturen og skape hytter som fleire har råd til.

For oss handlar det om å gi rom for det som verkeleg betyr noko. Mykje meir enn ei hytte.

Di eiga hytte til kr 1,5 mill.

No kan du få di eiga Gild-hytte med tomt på Naglestad for 1 500 000 kr. Tilbodet gjeld dei tre første hyttene og inkluderer off-grid-løysinga som gjer hytta klar for eit enklare hytteliv, tett på naturen.

Kampanjetilbod – dei tre første hyttene
Tilbodet gjeld dei tre første Gild-hyttene på Naglestad, med eiga tomt og energipakke inkludert.

  • Plass til 4-6 personar

  • Med stove, kjøkken, bad, soverom og hems.

  • Kjøkkeninnreiing fra HTH med gasskomfyr og elektrisk kjøleskap

  • Baderomsinnreiing med vask

  • Biotoalett med elektrisk ventilasjon

  • Dusj med elektrisk pumpe

  • Gassvassvarmar og snøsmeltar

  • Vedomn med pipe

  • Solcelleanlegg med batteri

  • Straumuttak og lyspunkt

Bileta er visualiseringar. Ta kontakt for infopakke med tekniske tegninger.

Kampanjepris: 1 500 000 kr
Ordinær pris: 1 750 000 kr
Du sparer
250 000 kr

Kampanje
tilbod

Din heilt eigen stad.

Ei LIVD-hytte står på pålar og krev lite bearbeiding av tomta. Naturen får stå slik ho alltid har gjort, også mellom hyttene.

Tre, buskar og stein blir ein del av hyttelivet. Vegetasjonen skjermer deg på di eiga tomt, og kanskje skimtar du ei anna hytte mellom trea.

Og det er ganske fint akkurat det. Å kunne vere i fred, og likevel vite at ein ikkje er mutters åleine.

No blir det lagt til rette for 10 hytter på Mydland.
Ei av dei kan bli di!

På Mydland finn du vakre turområde med gammal skog, opne myrer, stille badevatn og snaufjell. Her ligg alt til rette for gode naturopplevingar, rett utanfor hyttedøra.

Tomtene ligg fint mellom knausar, tre og naturleg vegetasjon. Her får du akkurat passe privatliv – skjerma frå naboane, men aldri heilt åleine.

Draumen startar frå fyrste spadetak.

Små glimt frå hyttelivet, fotografert av Karen Elene Thorsen aka “Fattig student”

Nysgjerrig på Gild? Me fortel deg gjerne meir. Fyll ut skjemaet, så tek me kontakt med deg