Naturlege materialer er bra for både deg og miljøet

Me veit at framtidas hytter må kunne stå uten tilført energi når hyttene ikkje er i bruk.

Livd hytter er bygd for temperatursvingninger og variabel utslag av vanndamp. Me nyttar Hunton Nativo Trefiberisolasjon R (med sirkel) i kombinasjon med dampåpen vindsperre og innvendige dampbrems fra Motek. Ved høgt fuktnivå i innelufta, vil dampbremsen bli meir dampgjennomtrengelig. Ved lågare luftfuktighet, vil dampbremsen bli mindre dampgjennomtrengelig.

Dersom konstruksjonen blir fuktig opnar dampbremsen seg slik at konstruksjonen kan turke innover imot varm side. Trefiber har hygroskopiske eigenskapar i tillegg til god varmelagringskapasitet.

Trefiberisolasjon er i all hovedsak basert på kortreist granflis, eit naturlig og fornybart råstoff som lagrer karbon gjennom heile produktets livsløp.

Hunton dampbrems er laga av 62% fornybare råvarer, eller resirkulerte materialer.

Å velge tre som materiale gjev i seg sjølv ein betydelig miljøgevinst, på grunn av CO2-bindingene: For kvar kubikkmeter treverk du brukar i eit bygg eller ein konstruksjon, lagrar du mellom 700 – 1000 kilo CO2.